Fake it until you make it
Klede er ein spesiell kategori av ting, då dei er ein del av det visuelle. I stor grad er klede den viktigaste delen av førsteinntrykket andre får av oss. Likevel er det ikkje alle av oss som interesserer seg for klede og mote. Trass i dette, ønsker vi gjerne å sjå godt ut.
Her er eit par gode råd til deg som ønsker å ha stil, men ikkje veit heilt korleis:
Finn ein kul klesbutikk på nett!
Eg kan ikkje noko om klede. Å handla klede på stader ikkje alle andre handlar, kan vera med å gjera at du skil deg litt ut. Du ser kanskje ikkje forskjell på den eine dressen og den andre, men det gjer ofte damene. Å bestilla klede frå ein stad dei ikkje heilt klarer å plassera, kan vera nok til å lura dei til å tru du har meir stil enn du eigentleg har.
Problemet kan vera at senteret du handlar på, har akkurat dei same butikkane og kleda som senteret alle andre menn i Noreg handlar på. Nettopp derfor blir du gåande likt kledd som alle andre.
Løysinga:
Finn ein kul klesbutikk på nett!
Dei siste åra, og særleg etter covid, har salet på nett eksplodert. Det kjennest kanskje uvant å bestilla klede på nett, men du sparer tid og pengar, i tillegg til at du har større utval, og lett kan enda opp med klede som ikkje er like som alle andres. Returordningane er som regel både lettvinte og romslige, så ikkje vêr redd for å byta noko du ikkje liker, eller noko som ikkje passar.
Stjel stilen
Men korleis skal eg finna klede som er kule og ser bra ut? Eg kan ikkje noko om mote!
Det kan vera vanskeleg å finna sin heilt eigen stil, men det er heller ikkje nødvendig.
Løysinga:
Å ¨stela¨ utsjånad frå modellar og utstillingsdukkar er ofte ein safe beit. Sjølv om du sjølv ikkje har så mykje peiling på mote, er det plenty med folk som har det. Det er mellom anna desse som blir tilsett som stylister for klesbutikkane. Desse kan oftast jobben sin, og har derfor allereie gjort jobben for deg, når dei valde klede til mannekengdukkene og modellane – både i butikk og på nett. Dersom du ikkje veit kva fargar som passar saman, eller kva tilbehøyr som betrar inntrykket, er det berre å låna i veg! Dei er berre glade for sala.
Men det er vel ikkje alt som passar alle?
Løysinga:
Nei, det har du heilt rett i. Er du usikker, tør å spør! Men ein god tommelfinger-regel er å kle seg for seg. Med det meiner eg at, dersom du er i tvil, er antakeleg det beste å kle seg for både eigen alder og miljø. Er du ikkje motemedvitent, er det ikkje heller nødvendig å gjera ein ¨fashion-statement¨. Kle deg som andre i alderen din, andre på jobben din, eller andre i miljøet ditt. Er du usikker på om kleda på sidan du er inne på passar deg? Eit tips kan vera å sjå litt på modellane. (Ta dette litt med ein klypa salt, då enkelte butikkar favoriserer unge modellar, og ingen nektar deg å kle deg litt #ungdommeleg, men du skjønner nok kva eg meiner.)
Korleis kan eg gjera det ¨vesle ekstra¨ for å ha litt swag?
Det som skil eit antrekk frå å verkeleg skilja seg ut, er ofte tilbehøyret. Her er ofte menn både flinkare og litt meir interessert. Hatter, luar, smykkar, klokkar, belte, sløyfar, bukseselar og sko. Alt kan vera med å gi inntrykket av at ein kvart fall har sin eigen stil – om ikkje alle vil synast han er like kul. Våg å prøva! Kjøp ei klokke du sjølv liker, og fuck alle andre! Det er eit godt utganspunkt!
Ute etter konkrete tips til alternative stader å kjøpa kule klede?
Eit tips kan vera nettbutikken Stayhard, et annet forslag kan være Berrylook.